Tunnelen blir stengt måndag morgon

Dødsulykke i Eiksundtunnelen

Ein bil har kollidert i Eiksundsunnelen i natt - tunnelen stengt måndag.

Eiksundtunnelen er stengt måndag morgon FOTO: SVEIN AAM 

Nyheter

(Møre-Nytt): Politiet skriv på Twitter tidleg måndag: Eiksundtunnelen: "Ulykka i tunnelen er alvorleg Eit køyretøy og ein person er involvert. Tunnelen vil bli stengt i ei lengre periode. Det vil bli skilta omkøyring"

Oppdatering klokka 0700: " Eiksundtunnelen: Ein person har omkome i ulykka. Arbeidet på staden vil medføre at tunnelen blir stengt på ubestemt tid."

Ulykka skjedde i 04.30-tida i natt. Etter det Møre-Nytt får opplyst har ein person vore inneklemt i ulykkesbilen. Det skal ikkje ha oppstått brann i samband med ulykka, men brannvesenet var på staden for å få sjåføren ut av bilen. Både kriminalteknikarar og ulykkeskommisjonen til vegvesenet skal gjere undersøkingar. Det betyr at tunnelen truleg vert stengt ut over morgonen.

FOTO: SVEIN AAM 

Operasjonsleiar Arild Reite ved politiet sin operasjonssentral opplyser at kriminalteknikarar var på staden ved 6:30 tida, og at vegvesenet sin ulykkeskommisjon var på veg.

– Det vil ta timar før vegen vart opna, om det vert ein-to- eller tre er uråd å seie no, sa Reite litt etter klokka 6:30.

Køyrde i fjellveggen

Han opplyser at ein bil har køyrt i veggen nesten heilt nede i Eiksundtunnelen, og at det er store materielle skader. Det var ingen vitne til ulykka.

På Ørsta-Volda-sida er vegen stengt ved rundkøyringa i Furene, og bilistane vert omdirigert. Også på Eiksundsida er Statens Vegvesen til stades for å omdirigere trafikken.

Denne saka vart ført publisert av Møre-Nytt

Langvarig stenging

Politiet seier til Sunnmørsposten at ulykkesgruppa til Statens vegvesen straks er på staden. Tunnelen vil bli stengt fleire timar, opplyser politiet klokka 09.00.

– Det pågår kriminalteknisk undersøking av ulykka. Både politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på staden, opplyser operasjonsleiar Leif Arne Mork til Sunnmørsposten ca. klokka 11.30.

Mork seier at det er ein del skadar i tunnelveggar og tak som følgje av ulykka. Desse må utbetrast før tunnelen kan opne. Mannskapane jobbar for fullt med undersøkingar, og politiet har ambisjonar om å opne Eiksundtunnelen måndag ettermiddag.

Mork stadfestar at ulykka skjedde på Ørsta/Volda-sida, ned mot botnen.  Personen som omkom køyrde ein personbil, ifølgje politiet.

Den døde er måndag morgon ikkje identifisert.

Omkøyring blir ved ferjene Hareid-Sulesund og Festøy-Solavåg.

FOTO: SVEIN AAM