Mann omkom i dødsulykka

Lensmann Guttorm Hagen fortel at det er ein mann som er omkomen.

  Foto: TERJE ENGÅS

Nyheter

Lensmann Guttorm Hagen seier at det er ein mann som er omkomen i ulykka i Eiksundtunnelen.

Tunnelen blir stengt måndag morgon

Dødsulykke i Eiksundtunnelen

Ein bil har kollidert i Eiksundsunnelen i natt - tunnelen stengt måndag.


– Ulykka har skjedd ikkje så langt frå botnen på Ørsta-sida, med køyreretning frå Ørsta og ned, seier lensmannen.

Ifølgje politiet var det lite trafikk på tidspunktet ulykka skjedde. Ambulansen var framme klokka 04.27. Hagen skryt av innsatsen til naudetatane.

– Det er oppretta kontakt med pårørande, seier Hagen.

Nyheita om dødsulykka blei først meldt av Møre-Nytt.

Politiet skriv på Twitter tidleg måndag: Eiksundtunnelen: "Ulykka i tunnelen er alvorleg. Eit køyretøy og ein person er involvert. Tunnelen vil bli stengt i ei lengre periode. Det vil bli skilta omkøyring."


Tunnelen blir stengt måndag morgon

Dødsulykke i Eiksundtunnelen

Ein bil har kollidert i Eiksundsunnelen i natt - tunnelen stengt måndag.


Det er ingen vitne til ulykka. Mannskapa jobbar for fullt med undersøkingar, og politiet har ambisjonar om å opne Eiksundtunnelen måndag ettermiddag.

Politiet melder klokka 14.13 at tunnelen ikkje vil bli opna for ferdsel før til kvelden. Grunnen er tekniske skadar på anlegget i tunnelen.

Oppdatering: Tunnelen er opna for trafikk, melder Vegtrafikksentralen klokka 16.44.