Landbruk- og matministeren besøkte gard ved Hjørundfjorden

Fann tonen i geitefjøset

Landbruksministeren lovar å bidra til at det skal vere attraktivt å overta ein gard. Tysdag besøkte ho eit geitebruk ved Hjørundfjorden.

Fjøsbesøk: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad fann tonen både med folk og dyr på Ytre Standal tysdag. I dag har samdrifta rundt 100 geiter som mjølkar. Geitene går ute og beitar i dei bratte fjellsidene ved Hjørundfjorden, noko Bollestad ser er svært viktig for reiselivet.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Vi må legge til rette slik at folk får lyst til å bu slike stader

Olaug Bollestad
Nyheter

Kjetil Standal måtte sjølv overta garden ved Hjørundfjorden då han som 19-åring mista far sin i Molaupen-ulukka. No er han spent på framtida for geitebruket.