Myklebust Verft mellom dei som søkjer etter lærlingar

– Kjekt med TAF og TIP

Skuleåret 2017/2018 spegla det bratte året innan maritim sektor. Manglande lærlingplassar gjorde at det ikkje vart starta opp nokon TAF-klasse ved Ulstein vidaregåande skule. No har utviklinga snudd.

Myklebust Verft: Dagens lærlingar innan TAF og TIP-systemet. Frå v. Lona Tollås Remøy (TAF), Maria Victoria Tarberg Hageselle (lærling), Børge Sævik Rødseth (lærling), Jan Peter Skrede Gjerde (lærling), Thomas Frekøy Skeide(TAF) og Håvard Gurskevik (lærlingansvarleg). Foto: Gunn Kristi Hauge. 

Nyheter

– Vi fekk i gang ei klasse i fjor haust. I år ser det enda lysare ut. Vi ser igjen gode søkjartal, seier rektor Margaret Alme til Sunnmørsposten. Ho fortel at det i desse tider vert inngått avtalar med bedriftene gjennom MAFOSS-systemet.