Byggenæringa vil ha behov for lærlingar i lang tid framover

Slår eit slag for tømraryrket

Vegard, Eirik og Jakob svingar alle hammaren som ein proff. Dei er tømrarlærlingar i same bedrift, og seier fleire bør velje dette yrket.

lærlingar: Vegard Døving (frå venstre), Eirik Hoel og Jakob Grønningsæter – alle busette i Valldal – er lærlingar i bedrifta Hovden Bygg AS. Dermed utgjer dei halve staben i den vesle bedrifta. FOTO: TERJE ENGÅS  Foto: Terje Engås

SJEFEN: Kenneth Hovden er eigar av Hovden Bygg AS i Valldal.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det er godt å kunne vere ein del ute, seier Jakob Grønningsæter.

– Iallfall når det er fint vêr, kjem det kjapt frå Eirik Hoel.

Saman med Vegard Døving er dei tømrarlærlingar i Hovden Bygg AS i Valldal, og utgjer dermed halve staben i den vesle bedrifta – iallfall fram til i april. For då begynner det ein tømrar nummer sju.

Bedrifta er eigd av Kenneth Hovden. Han seier det er eit bevisst val å satse på lærlingar:

– Dette er ein måte å rekruttere arbeidsfolk på. Tømrarar står ikkje i kø for å få jobb. Det er stor etterspurnad etter dei. Difor tenker eg at vi må rekruttere i egne rekker, få tak i lokal ungdom.


Det finnes mange ulike måter å skaffe seg generell studiekompetanse på

Mange veger til rom

Skal man uansett skaffe seg generell studiekompetanse til studier etter videregående, kan man like godt kombinere det med noe man liker.

 

– Eg ser dessutan på dette som eit samfunnsansvar, å kunne lære byggekunsten vidare til ungdomen. Og så bidreg vi forhåpentlegvis til å halde oppe folketalet inne i fjorden, seier Kenneth Hovden.

Hovden Bygg vart godkjend lærlingebedrift i 2013, og sidan har dei hatt lærlingar. Det er ungdomane i to år, til dei tek fagbrev.

– Nokre reiser vidare etter læretida, nokon vil gå vidare på skule. Men det er også dei som vil arbeide her hos oss.

Bedrifta har kontor i Valldal, og lager i Fjørå.

Den ti år gamle bedrifta har bra med oppdrag, og siktar seg endå meir inn mot husmarknaden no som dei er blitt Byggmann-medlem.

– I dag bygger vi mest hytter og rehabiliterer bygg, stort sett i Norddal og Stordal. Ikkje minst håper vi på å få byggje fleire hytter her på Overøye.


Myklebust Verft mellom dei som søkjer etter lærlingar

– Kjekt med TAF og TIP

Skuleåret 2017/2018 spegla det bratte året innan maritim sektor. Manglande lærlingplassar gjorde at det ikkje vart starta opp nokon TAF-klasse ved Ulstein vidaregåande skule. No har utviklinga snudd.

 

For det er her i det store hytteområdet i Stordal vi møter det unge byggelaget, der sjefen Kenneth på 40 år er den eldste.

– Eg klarer framleis å halde følge med dei. Men eg ser at dei er litt mjukare i kroppen, ler sjefen.

Og tømraryrket held dei iallfall i aktivitet:

– Det er kjekt å kunne ha eit fysisk arbeid, ikkje berre sitje framføre ein dataskjerm, seier dei tre lærlingane.

Og dei legg til at dessutan vil dei ikkje bli arbeidslause. Folk som kan bygge hus og hytter vil det alltid vere behov for, meiner dei.

– Dessutan ser ein tømrar resultatet av det han held på med. Eg synest alltid det er kjekt å køyre forbi eit bygg og tenkje at dette har eg vore med på å lage, legg Kenneth Hovden til.