Fann våpenskapa i Ørsta

18 rifler vart stole frå skyttarlaget på Vartdal i fjor. No er våpenskapa funne.
Nyheter

Ein godt vaksen mann fekk seg ei overrasking då han var på neset Klubben i Ørsta kommune. Han skulle sjå på eit bilvrak nede i ei skråning. Tilfeldigvis fann han to våpenskap. Mannen ønskjer å vere anonym. Han tipsa politiet etter funnet.