Kurer tok bussen frå Oslo til Sunnmøre med 3,8 kilo amfetamin

Gøymde narko på låven

Kvinna tok bussen til Sunnmøre med fleire kilo amfetamin i bagasjen. 2,4 kilo blei levert til ein mann på ytre søre. Resten skulle til Ålesund.

Einige: Begge dei tiltalte har tilstått oppbevaring av større mengder amfetamin. Aktoratet og forsvaret er i stor grad samstemt i synet på kva straff dei to tiltalte skal få. Frå venstre dei to forsvararane Erling Flisnes og Eline Marie Thalberg Andersson og til høgre aktor Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Narkotikaen blei aldri levert til mottakar i Ålesund, sidan kvinna blei arrestert av politiet. Torsdag møtte både ho og mannen frå ei bygd på ytre søre Sunnmøre i retten. Begge har tilstått det dei er tiltalt for.