Håp for Rovdefjordsambandet og tunnel gjennom Strandafjellet

Fylkesrådmannen anbefaler å gå vidare med desse prosjekta.

Spiral: Frå flytebrua dukkar vegen i spiral ned gjennom ein kulvert på Saudedeholmen til ein kort røyrtunnel under sjøen til fastlandet. Løysinga kan vere eit internasjonal pilotprosjekt. ILL: Snøhetta  Foto: Rovdefjordsambandet

Nyheter

Tommel opp for å gå vidare med Rovdefjordsambandet – og med tunnel gjennom Strandafjellet. Tommel ned for å gå vidare med Børdalslinja i Ørskog. Det er i korte trekk fylkesrådmannen si anbefaling for dei store fylkesvegprosjekta som seglar opp. Anbefalinga bygger på eit notat frå Møreforsking.