Oppgang i sysselsettinga for første gang sidan oljekrisa

I 2018 økte talet på arbeidsplassar i Møre og Romsdal med 2000.

Fleire jobbar: Fiske og akvakultur er ei av næringane kor det har vore vekst i talet på arbeidsplassar i 2018.  Foto: Knut Arne Aarset

Næringssjef: Bergljot Landstad er regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Nyheter

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Møre og Romsdal fylkeskommune melder at dette er første gang med vekst i talet på arbeidsplassar sidan nedgangen i oljeprisen for om lag fem år sidan.

– I kjølvatnet av oljepriskorreksjonen i 2014 mista Møre og Romsdal fire-fem tusen arbeidsplassar. I 2017 var det fortsatt nullvekst i arbeidsplassar i fylket når ein ser bort frå kommunal sektor. Men i fjor er altså veksten tilbake igjen med 1898 registrerte nye arbeidsplassar, heiter det på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Næringssjefen: Krevjande omstilling

Regional- og næringssjef i fylkeskommunen, Bergljot Landstad, seier at utviklinga er svært gledeleg.

– Møre og Romsdal har vore gjennom ei krevjande omstilling etter oljenedturen, og mange har stått hardt på for å skape ny vekst. Endeleg ser vi tal som stadfestar at utviklinga går i riktig lei, seier Landstad, ifølgje nettstaden.

Statlege arbeidsplassar

2 av 3 nye arbeidsplassar er i næringslivet.  Størst er veksten innafor tekniske konsulentar, transportmiddel, fiske/akvakultur og tenester for eigedomsdrift.

– Det er svært viktig at det er næringslivet som igjen er i førarsetet for arbeidsplassveksten med god spreiing over fleire bransjar, seier Landstad

Samstundes er det vekst i talet på statlege arbeidsplassar, noko som har vore viktig for fylkeskommunen. Totalt har det vore ein vekst på 163 statlege arbeidsplassar, størst har det vore i Ålesund, Volda, Kristiansund og Fræna.