Mistanke om kikkar på solstudio:

– Vi tek dette svært alvorleg, for slikt skal ikkje skje

Politiet har starta etterforsking, etter at fleire kvinner har meldt inn mistanke om at det er ein kikkar i solstudioet Brun og Blid i Ulsteinvik.

Ansvarleg: – Det er klart det er forferdeleg for den som har vorte utsett for kikking. Slikt skal ikkje skje, seier Janne Nielsen i Brun og blid-kjeda Ho er ansvarleg for ei rekkje solsenter på Austlandet og Sunnmøre.   Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten) – Eg vart veldig skremd, og det sit i meg framleis. Eg trudde rett og slett ikkje slikt var mogleg, det var ei forferdeleg ubehageleg oppleving.