Dette skjedde i natt

Stoppa 15 bilførarar – ein meld for ruskøyring

Ruskøyring, bråk og bruk av falsk legitimasjon.
Nyheter

Ein bilførar blir meld til politiet etter mistanke om ruspåverka køyring i Stranda rundt midnatt, natt til  laurdag.

Politiet hadde kontroll i Stranda sentrum, og 15 bilførarar blei kontrollert. Det er oppretta sak og bilføraren er fråteken førarkortet.

På Stranda blir ein gut også meld for å ha nytta uriktig legitimasjon. Dette skal han ha gjort for å prøve å kome seg inn på ein utestad.

Ein gut i slutten av tenåra blei sett i halvto-tida arrest etter å ha halde naboar vakne med bråk og støy i Ålesund. Guten var rusa, ifølgje meldinga frå politiet i Møre og Romsdal.

I Volda blir ein mann i 20-åra meld for å ha sparka til ein bil slik at det oppstod skade på ein spegel.