Har gitt ut bok om sin farfar Sigvald Remøys skjebnesvangre og historiske ishavstokt

Eit dramatisk seltokt

For fem år sidan byrja forfattar Svend Otto Remøe å nøste i sin farfars fortid. Historia han fann handlar om eit skjebnesvangert seltokt i Kvitsjøen der han blei arrestert av russarane.

Historisk seltokt: Bilde av Sigvald Remøy (midten) og hans mannskap frå omslaget til boka «Fanget i polarisen». I 1921 la DS «Remøy» ut på eit skjebnesvangert seltokt der dei blei arrestert av russarane og haldne tilbake i 10 månader.  Foto: Maria Finnøy Fagervoll

Nyheter

Forfattaren, som sjølv bur i Hamar, besøkte sin farfar Sigvald Remøy på Remøya kvar sommar, og fekk høyre historier om då fangstskuta DS «Remøy» sette kursen for Nordishavet i 1921.