Ørsta:

Frittgåande høner var ikkje på rømmen

Politiet melde søndag om ein gjeng høner på rømmen i området Engeset i Ørsta.
Nyheter

Hønseeigar Siri-Ann Myklebust har lese meldinga, men avvkreftar at hønene er på rømmen.

– Det stemmer ikkje. Hønene bur her og kosar seg med å gå fritt på eigedomen, seier Myklebust med ein latter.

Ho fortel at favorittplassen til hønene er i hekken som grensar inn til vegen.

– Om bilistar synest dei kjem brått på, vil eg oppmode om å ta ein kikk på speedometeret. I Engesetvegen er det 30-sone, og ikkje 60-70-sone som visstnok mange trur, seier Myklebust og legg til at alle som bur der veit dette og tek omsyn.

Her er Twitter-meldinga politiet la ut søndag ettermiddag.