Sjokkrekning for FV 60

2,5 millionar kroner for ein reguleringsplan for fylkesvegen kostar plutseleg 9,6 millionar kroner. - Det er ikkje til å tru, seier leiar i Gode Vegar AS, Svein Sunde.

Sjokkert: Leiar i Volda Ap og ordførarkandidat for Volda, Sverre Leivdal (f.v) og fylkesordførarkandidat for AP, Tove-Lise Torve fekk oppsiktsvekkande opplysningar frå Svein Sunde i Gode Vegar AS måndag. 

Nyheter

(Fjordingen:) Tema var fylkesveg 60 då fylkesordførarkandidat for AP, Tove-Lise Torve, leiar i Volda Ap og ordførarkandidat for Volda, Sverre Leivdal og varaordførar i Ørsta, Karen Høydal (Ap) møtte leiar i Gode Vegar AS Svein Sunde og fabrikksjef ved Ekornes på Grodås, Knut Ove Rygg.