Ørsta kommune har klaga Møre-Nytt inn til PFU

Det melder Ørsta kommune på eigen nettside.
Nyheter

Det er saka «Manglar aktivt leiarskap», publisert laurdag 3. mars, som er klaga inn. I saka er det eit intervju med tidlegare Ørsta-ordførar Sigbjørn Kvistad, som uttalar seg om interne konfliktar i kommunen.

Ørsta kommune skriv følgande om klaga på si heimeside: «Klagen er først og fremst knytt til samtidig tilsvar, men det er også bedt om at PFU vurderar om avisa misbrukar makta si ved å produsere ein artikkel som vil skade omdømmet til Ørsta kommune.»

Ansvarleg redaktør i Møre-Nytt, Svein Aam vil ikkje kommentere klaga, anna enn at han er overraska over klaga og innhaldet i ho.

– Utover dette ventar vi til PFU har behandla saka og vi får eit svar frå dei, seier han til Sunnmørsposten.