Ulstein Group:

Konsern med kultur for kvinner

Toppleiarar i norsk næringsliv er stort sett menn. I Ulstein-konsernet er derimot halvparten kvinner.

Næringslivstoppar: Næringslivet heng etter på likestilling i leiande posisjonar, men i Ulstein Group er det god kjønnsbalanse i leiinga. Frå venstre finansdirektør Cathrine Marti, organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim, konsernadvokat Ingvill Saunes og konserndirektør Gunvor Ulstein.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Dette har vore ei langsiktig satsing, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.