Aksjonerte for trygg veg

50 barn og vaksne hadde trafikkaksjon langs den sterkt trafikkerte fylkesvegen gjennom Stette i Skodje kommune fredag kveld.

Frå aksjonen fredag: Framme f.v.; Martine Skarbøvik og Linnea Kragset Krokå (delvis skjult bak ein plakat. Bak f.v.; Linda Skarbøvik og Cecilie Kragset Krokå.   Foto: Siv Torheim

Nyheter

I mørket, utstyrt med refleksvestar, rigga dei seg til med plakatar: «Senk farta» står det på ein, «Ja til gangveg» på ein annan.

Ifølgje Aksjonsgruppa for sikker skuleveg på Stette manglar vegen både lys, vegskilt som kunne varsla om vegkrysset like rundt svingen, og det er heller ikkje vegskulder.

- Til vanleg køyrer mange i 80 sjølv om det er 60-sone, seier aksjonsleiar Siv Torheim.

Bodskapen til aksjonistane er like mykje retta mot kommunen og fylket som til bilistane.

- Her er så uoversiktleg. Å krysse denne vegen er vanskeleg og farleg. Så langt har det ikkje vore personskade, men det har vore mange mindre ulukker, seier Torheim.

Aksjonsgruppa peiker på at trafikkveksten er bratt langs fylkesvegen, og viser til tal frå Statens vegvesen: Ifølgje trafikkteljingar auka talet på bilar frå 4.900 i døgnet i 2014, til 6.400 i 2018.

- Etter mange år med brev fram og tilbake fekk vi i fjor endeleg litt gehør hos kommunen. 700.000 kroner vart sett av til å ruste opp ein gangveg fram til det eine busstoppet, sier Torheim.

- Men lista er lang over ting som skulle vore gjort. Og også vegen ut mot flyplassen går gjennom Stette-bygda. Fleire stader trengst det gatelys, gang- og sykkelsti, undergangar og fotgjengarovergangar. Og fartsgrensa må ned, gjerne til 50, heiter det frå aksjonsgruppa.