Grunneigar kjenner seg ikkje igjen i kritikk:

– Olavskjelda lever i beste velgåande

Grunneigar Erik Refvik fortel at Olavskjelda er sikra med tjukk stålplate og fleire bjelkar.

Før i tida brukte det å stå små trekors ved brønnen. Ifølgje Refvik står Olavskjelda på Veibust i Sula fortsatt.  Foto: Arkivfoto: Lars Inge Skrede.

Nyheter

– Det biletet som dykk har brukt i saka, det er akkurat slik det framleis ser ut under stålplata, fortel Refvik. Han har kontakta både Sulaposten og Sunnmørsposten etter at det blei publisert ei sak der sogelagsleiar Johan Sunde meinte at Olavskjelda på Veibust i Sula var øydelagt.

– Det er vanskeleg å forstå at noko slikt kan skje, men her er det i alle fall noko som har svikta fundamentalt. Eg klarer ikkje å kjenne meg att her lenger, og om ein klarer å finne att Olavskjelda veit eg sanneleg ikkje. Vi i Sogelaget reagerer sterkt på det som har skjedd, og har kontakta både kommunen og fylket. Så får tida vise om her er botevon. Det sa Sunde til Sulaposten, som først melde om saka.

Godt sikra

Til Sunnmørsposten forklarar Refvik at kjelda er godt sikra.

– Olavskjelda lever i beste velgåande. Den er godt beskytta av ei tjukk stålplate og fleire bjelkar. I tillegg er det lagt ned eit røyr, der ein kan sjå veggane, vatnet og heile kjelda om ein kikkar ned.

Refvik fortel at fleire har tatt kontakt etter saka i Sulaposten, og håpar med dette å kunne oppklare saka.

Les meir om alle Olavskjeldene på Sunnmøre her.