I dialog kring Hjørungavåg-anlegget – kan gå mot treårsavtale:

Per Sævik: - Håper at også Kongsberg ønskjer å halde hus der

Eigedomselskapet til Sævik-familien er i samtalar med Rolls-Royce Commercial Marine-kjøpar Kongsberg Gruppen om ein leigeavtale kring brorparten av det store anlegget i Hjørungavåg.

Sævik-familien sitt eigedomselskap leiger ut anlegget i Hjørungavåg til Rolls-Royce Commercial Marine - og håper at Kongsberg Gruppen vil teikne leigeavtale kring kontorbygget og brorparten av hallane på anlegget når dei no tek over store delar av marinedivisjonen til det britiske storkonsernet.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Nyheter

(Vikebladet): - Det stemmer at vi er i kontakt med Kongsberg Gruppen kring areala i Hjørungavåg. Det gjeld både kontorbygget og delar av produksjonshallane. Vi håper naturlegvis at dei ønskjer å bli verande der ei stund. Det vil vere til det beste for begge partar, meiner vi – og det vil sjølvsagt vere bra for vår del å sikre oss ein slik solid leigetakar, seier Per Sævik til Vikebladet Vestposten.