Skandinavias første biomekaniske robotlaboratorium vart opna ved sjukehuset i Ålesund førre onsdag. Ein industrirobot, som er programmert for å teste ledd, skal hjelpe ortopedar til å utvikle betre operasjonsmetodar. Oppbygginga av laboratoriet har vore eit samarbeid mellom ortopedar ved sjukehuset og ingeniørar frå NTNU i Ålesund. Ortopedane har fått innsikt i robotteknologi, medan ingeniørane har lært seg noko om anatomi og kirurgi. Dette har skapt eit unikt, tverrfagleg kunnskapsmiljø, som er med på å sette helseføretaket på kartet innan ortopedisk fagutvikling, både nasjonalt og internasjonalt. Det finst svært få liknande laboratorium elles i Europa.
Gir ortopedene muligheter til å finne fram til bedre operasjonsmetoder
Åpner unik ledd-lab på Ålesund sjukehus
En standard industrirobot er programmert til å teste ledd. Sjukehuset i Ålesund har fått det første biomekaniske robotlaboratoriet i Skandinavia.
Tidlegare måtte forskarane reise til Tyskland, fordi det var Hannover som hadde den mest avanserte skulderroboten. Ålesundaren Peter Klungsøyr, som både har bidratt til å revolusjonere operasjon av klumpfot og bidratt til utvikling av ny metode for stabilisering av ledd, var den som kom med tanken om å etablere eit robotlaboratorium i Ålesund. No er det unike laboratoriet blitt ein realitet, og det er det all grunn til å glede seg over. I første omgang skal forskarane konsentrere seg om skulderkirurgi, men dei har også tankar om at roboten kan bidra til betre behandling av kne- og ankelledd.
Forskingsgjennombruddet: Marit Otterlei er på sporet av et nytt antibiotikum
Helse Møre og Romsdal er etter lov pålagt å drive med forsking, det vil seie å gjennomføre grundig og systematisk gransking for å finne fram til ny kunnskap. Føretaket er ikkje pålagt å innovere, til dømes utvikle nye tenester eller behandlingsopplegg, men likevel er dette eit vesentleg satsingsområde i føretaket. Det handlar om å sikre betre kvalitet i pasientbehandlinga, og det kjem heile samfunnet til gode. Derfor er det all grunn til å framheve det viktige utviklingsarbeidet som går føre seg.
Ved sjukehuset i Ålesund er det oppretta eigen forskingspost, der forskarar frå alle dei fire sjukehusa i fylket får hjelp til å gjennomføre prosjekta sine. Samarbeid på tvers av institusjonar er viktig. Robotlaboratoriet er eit døme på at samarbeid mellom sjukehus og universitet kan gi glitrande resultat.