(Mørenytt): Biletet er tatt av turfølget til Merete Alsaker Flø på Høgenibba i Hornindal, eit svært populært turmål på ski.
– Store brotkantar på snøskred i dag. Mykje vindtransportert snø i høgda. Fleire skiløparutløyste skred på Sunnmøre. Her ved Høgenibba i Hornindal. Fin ny dag i morgon søndag så ver forsiktig skifolk, skriv Merete Alsaker Flø på sin Facebookprofil.
Ho fortel til Møre-Nytt at ho vart overraska over snøforholda, på ein dag som elles var prega av solskin og finever i låglandet.
– Vinden bygde opp skavlar veldig fort. Det gjekk tre ras berre i det området eg var, seier Alsaker Flø, som er ein erfaren skiløpar og medlem i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.
Vindfullt på Nottane, og stengt trekk laurdag. Foto: Svein Aam/Mørenytt
Dette biletet er tatt ved Nottane i Ørsta i formiddag, der skitrekket til Ørsta skisenter var stengt på grunn av vinden. Den nordaustelege vindretninga førde til at det bygde seg opp skavlar i vestvende heng, og denne snøen la seg opp på hardt underlag.
Det var Mørenytt som først melde om saka.