Overøye: Bil av vegen

Nyheter

Ein bil med fire personar og ein hund i, har køyrt av vegen på Overøye i Stordal, skriv politiet ved 15.30-tida søndag.

– Utforkøyringa skal ha skjedd nær hyttefelt og skitrekk, får Sunnmørsposten opplyst ved operasjonssentralen til politiet.

Like før klokka 17.00 opplyser politiet i ei Twittermelding at bilen var på veg ned frå eit hyttefelt mellom Kvitlane og skisenteret, der den skal ha sklidd av vegen, tippa rundt og landa på alle fire hjula.

Ifølgje meldinga er det snakk om mindre personskadar og bilberger er på staden.