Bondelaget har fått ny fylkesleiar

Konrad Kongshaug (41) frå Averøy er valt til ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag etter Oddvar Mikkelsen.

STYRET: Fylkesleiar Konrad Kongshaug (f.v.), Odd Bjarne Bjørdal, Vegard Smenes, Hilde K. Kolberg, Petter Melchior, og varamedlemmene Marte Halvorsen, og Anna H. Berget.   Foto: ARILD ERLIEN

Nyheter

Den nye fylkesleiaren driv spesialisert storfekjøtproduksjon. Odd Bjarne Bjørdal frå Ørsta vart ny nestleiar. Resten av styret består av Petter Melchior, Norddal, Hilde Kjersem Kolberg, Fræna og Vegard Smenes, Averøy.

Matavfall i plastposar

I ei sak, fremma av Ørskog Bondelag, seier fylkesårsmøtet at dei er bekymra over moglegheita for at matavfall levert i plastposar blir brukt i biogassanlegg der bioresten etterpå blir brukt som gjødsel i gras og matproduksjon.

Mikroplast i maten

Det fører til at mikroplast finn vegen inn i næringskjeda i matproduksjonen og kan føre til miljøforureining og helseskadar på folk og dyr, heiter det i vedtaket.

Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag krev difor at alle renovasjonsselskap og biogassprodusentar som tek imot matavfall til biogassproduksjon må levere ut posar av papir eller biologisk nedbrytbar plast til alle sine abonnentar.

Slik kan plastforbruket bli redusert – og ikkje minst unngår ein at mikroplast kjem inn i næringskjeda for mat.