Sjekk korleis du kan få betalt tilbake penger:

Fjord1 betaler tilbake millionbeløp for gamle ferjekort

Til no har over 15.000 personar og firma bytta ut dei gamle ferjekorta sine. Dei får betalt tilbake minst 100 kroner kvar.

NY ORDNING: Snart må alle som vil ha rabatt på ferja, skaffe seg nye Autopass for ferje-kort. For Molde - Vestnes og andre riksvegsamband blir det innført brikkebetaling frå 2020.   Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

(RBnett:) I samband med overgangen til Autopass for ferje skal dei gamle verdikorta fasast ut. Dei gamle korta er likevel ikkje verdilause. Du har nemleg krav på å få att 100 kroner i pant. I tillegg kjem eventuell restverdi.