Huseigar meiner tunnelsprenging førte til skade på freda balkong

Balkong-krangel hamnar i retten

Huseigaren meiner sprengingsarbeidet til parkeringstunnel førte til skade på ein balkong. Brødrene Jangaard AS meiner manglande vedlikehald er årsak.

Konflikt: Storgata 23 i Ålesund er freda etter kulturminnelova, ifølgje det som kom fram i forliksrådet. Søre Sunnmøre tingrett skal onsdag behandle spørsmålet om skade på balkongen skuldast sprengingsarbeid og om Brødrene Jangaard i så fall har erstatningsansvar. Brødrene Jangaard står bak parkeringstunnelen Aksla Parkering i Ålesund.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Forliksrådet i Ålesund gav huseigaren medhald og dømde Brødrene Jangaard AS til å betale Storgata 23 AS erstatning på 59.375 kroner, pluss renter, og 1.130 kroner i sakskostnader.