Vil at herøyfolket framleis skal få gå ut på moloane

Folk i Herøy skal ha tilgang fiskerihamnene og moglegheit til å fiske småsei frå moloen. Formannskapet vil derfor kjøpe Runde, Bøvågen, Kopperstad, Sandebukta og Skorpa fiskerihamn.

Runde er ein stor turistattraksjon i Møre og Romsdal med fuglefjell, Rundeskatten og Runde Miljøsenter. Hamna er ein naturleg samlingsstad på øya, og mange turistaktivitetar har utspring der. Rådmannen vil ikkje at hamnene skal seljast til private. ARKIVFOTO 

Nyheter

Oppdatering: Under formannskapsmøtet tysdag vart det gjort følgjande vedtak: Herøy formannskap ber administrasjonen gå i forhandlingar med Kystverket om overtaking av dei statlege fiskerihamnene Bøvågen, Kopperstad, Runde, Sandebukta og Skorpa fiskerihamn.