Betongbil har velta - fylkesveg var stengt

Fylkesveg 146 i Søvika sperra i nesten fire timar torsdag.

  Foto: Per Holm

Nyheter

Det var torsdag morgon politiet meldte om trafikkulykka, som skjedde på fylkesveg 146 ved Søvika i Haram.

Naudetatane er på veg på staden, opplyste Møre og Romsdal politidistrikt i ei melding på Twitter klokka 07.24.

Betongbilen har velta i vegbanen og vegen er altså sperra på ulykkesstaden.

– Førar er køyrd avgarde med ambulanse, ukjent skadeomfang. Vegen er framleis sperra, og bilbergar ventar å vere på staden klokka 09.00, oppdaterer Møre og Romsdal politidistrikt klokka 08.20 torsdag.

Tipsarar meldte torsdag morgon om glatt veg der ulykka skjedde.

Omkøyring for mindre køyrety

Det var muleg å kome seg forbi ulykkestaden ved å bruke ein mindre, lokal veg. Men også der var det ei stund trafikale utfordringar.

– På omkøyringsvegen har ein personbil køyrd i grøfta. Dette fører til at større køyrety ikkje kan passere. Bilbergar er varsla og er på veg, opplyste politiet torsdag morgon.

– Personbilen på omkøyringsvegen er berga, og alle køyrety kan passere her. Bilbergar er også i gang med å berge sementbilen på hovudvegen, opplyste politiet.

SISTE: 

Like før klokka 11.30 torsdag melde Vegtrafikksentralen at fylkesvegen var opna for trafikk.