Skal øve på brann i Eiksundtunnelen

Fv. 653 Eiksundtunnelen blir stengt tysdag 19. mars frå kl. 1845 til 2130 fordi Statens vegvesen og naudetatane skal øve på brann i tunnelen.

Frå ei tidlegare øving på brann i tunnel.  Foto: Silje Drevdal

Nyheter

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Publikum vil sjå røyk frå tunnelen på begge sider under øvinga.

- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen. 

Krav om øving 

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane. Brann og redningstenesta i Volda, Hareid og Ulstein, Ørsta og Hornindal deltek i øvinga, saman med politi, ambulanse og Statens vegvesen sin vegtrafikksentral. 

I tillegg til varsling, kommunikasjon mellom alle aktørane, bruk av sikkerheitsutstyr og planverk vil saman med samhandling vere viktige tema i øvinga.  

Viktig for tryggleiken 

- Det er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd at det blir øvd i tunnelane våre. Difor håpar vi at trafikantane har tolmod med oss  i den tida vi må stenge Eiksundtunnelen for å øve og planlegg køyreturen etter det, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen. 

Det er omkøyring via fv. 61 Hareid-Sulesund og E39 Festøya-Solavågen. Omkøyringa inneber to ferjer og for dei fleste trafikantar vil det difor vere best å planlegge køyreturen utanfor tidspunktet der tunnelen er stengt.  

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i? 

  • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom. 
  • Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare. 
  • Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.  
  • På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen. 
  • Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.   
  • Forsøk å varsle møtande trafikk.