Gjekk rundt med bil - frakta til sjukehus

Ein person har blitt sendt til Ålesund sjukehus med mistanke om hodeskadar etter å ha køyrd rundt med bilen sin i Liabygda i Stranda kommune.
Nyheter

Møre og Romsdal politidistrikt melder på twitter klokka 17.26 fredag ettermiddag at tilstanden til sjåføren som gjekk rundt med ein bil i Liabygda i Stranda kommune har forverra seg. Det er mistanke om hodeskade, så vedkommande vil bli frakta til traumemottaktet ved Ålesund sjukehus.

Det var rundt klokka 16.30 at politiet meldte om at ein bil hadde køyrd utfor ein skrent i Liabygda. Naudetatane kom til staden og jobba med å frigjere sjåføren frå bilen som hadde gått rundt.