Kino med sovepose

foto: Knut arne AArset  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Laurdagskvelden 23. mars kan ein få ei spesiell kinooppleving i Hornindal. Fotballgruppa i byga har då leigd inn Bygdekinoen til å vise filmen Captain Marvel, ute i fri natur.

Filmen vil bli vist på spesiallaga lerret på seks gonger tretten meter. Lerretet blir festa på veggen til Honndalshallen.

– Ein kjenner ikkje til at ein har laga til utekino i slikt format i denne delen av landet, og ein håpar såleis at publikum frå alle delar av Nordfjord og Sunnmøre tar med seg liggeunderlag, sovepose, campingstolar og godt humør og stiller på for å lage ei uforgløymeleg oppleving i Hornindal, seier Svein Otto Espe på vegner av Hornindal Fotball, ved gute- og jentelaget.

Om været ikkje spelar på lag, vil ein flytte visninga inn i hallen, men Espe håpar på klarvêr og rundt null grader denne kvelden.