Skal forske meir på plast i havet

Norske og russiske havforskarar skal forske meir på plast i havet. Dei vil vite korleis plast påverkar dei marine økosystema og mattryggleiken.

Plast: Norske og russiske forskarar samarbeider for å finne ut meir om plast i havet.  Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Nyheter

Det melder Havforskingsinstituttet.

Sidan 2004 har havforskarar frå Norge og Russland gjennomført eit omfattande økosystemtokt i Barentshavet der dei har undersøkt havområdet «frå A til Å».

Frå 2010 utvida ein toktet til å omfatte overvaking av makroplast, det vil seie plastbitar som er større enn 0,5 centimeter,

No ønsker dei å utvide overvakinga også til å gjelde mikroplast - plastbitar som er mindre enn fem millimeter.

Protokollen frå det årlege norsk-russiske havforskarmøtet som blei klar torsdag kveld, er ei videreføring av dei tidlegare norsk-russiske forskingsavtalane.

Havforskingsinstituttet og Pinro skal utvikle metodar for å samle inn mikroplast. Dei skal også undersøke om plasten blir teke opp i fisken.

Den norsk-russiske overvakinga viser ifølgje Havforskingsinstituttet at mellom 40 og 60 prosent av makroplasten i Barentshavet kjem frå fiskeflåten og omfattar først og fremst tauverk og reiskap..