Høgskulestyret splitta om «f-ordet»

Styret ved Høgskulen i Volda er splitta på midten i spørsmålet om ein muleg fusjon med Universitetet i Bergen eller Høgskulen på Vestlandet. Rektor Johann Roppen og prorektor Jens Standal Groven står på kvar si side.

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, meiner Volda klarer seg best aleine. Det er ikkje heile høgskulestyret einig i.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Nettavisa Khrono melder at sjølv om rektor Johann Roppen meiner at Høgskulen i Volda gjer det best aleine, så er ikkje heile styret ved høgskulen samde om dette. Styret er delt på midten i synet på fusjon, eller rettare «bruk av «f-ordet» i styrevedtak», som Roppen sjølv kalla det på styremøtet 7. mars.

Under styremøtet var det ikkje spørsmålet om skulen skal fusjonere med nokon, eller om kven dette eventuelt skulle vere, men om ordet «fusjonsalternativ» skulle vere med i vedtaket om framtidig strategisk strukturarbeid eller ikkje.

Der rektor Roppen hadde foreslått eit forslag der det sto «Høgskulen i Volda skal også i tida framover ha ein aktiv og samarbeidssøkande strategi til nærliggande institusjonar både i strukturspørsmålet og i faglege samarbeid.», hadde tilsettrepresentant Tor-Johan Ekeland utforma eit forslag der det sto at skulen «skal ha ein aktiv strategi for å avklare moglege fusjonslaternativ og samarbeid...», med «fusjon» inkludert.


Har signert avtale om mediebygg

Statsbygg har no signert avtale med PEAB Nordang AS om bygging av eit mediebygg ved Høgskulen i Volda.

 

Ekeland var, saman med ekstern representant Terje Heggem, sterkt kritiske til at Roppen med sine utsegn fekk det til å sjå ut som om heile styret var einige om at Høgskulen i Volda klarar seg best aleine.

– Det er ingen som kjem til å legge oss ned, men vi må klare oss aleine. Det kan føre til at vi kjem til å vere ein rein bachelorfabrikk om 15 år, sa Ekeland.

Heggem var kritisk til Roppens intervju med Khrono som vart publisert same dag som styremøtet.

— Det er også uryddig og vitnar om ei manglande rolleforståing som styreleiar når Roppen let seg intervjue i Khrono same dag som det er styremøte og seier at førstevalet til Høgskulen i Volda er å vere ein sjølvstendig høgskule. Det gir feil signal både utad og internt om korleis vi er posisjonerte, sa Heggem i ein kommentar til Khrono søndag 10. mars.


Volda-studentane er blitt meir fornøgde

I fjor fekk Høgskulen i Volda botnplassering i studentbarometeret. I år er Volda-studentane blitt meir fornøgde.

 

Prorektor Jens Standal Groven gjekk til val saman med Roppen på ei sjølvstendig linje i 2015, men også han skal ha skifta syn i saka.

– Eg har blitt meir og meir i tvil om det er det rette, sa han under styremøtet, der han sjølv røysta mot Roppens forslag til ordlyd. Roppen sitt forslag vann avrøystinga, med 6 mot 5 stemmer.

Ifølgje avisa er både Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet positive til ein eventuell fusjon med Høgskulen i Volda.

Rektor Roppen seier til Khrono at sjølv om styret er splitta i struktursaka, så er det ikkje snakk om eit splitta styre.

– Det er berre to store saker som har splitta styret, det er spørsmålet om vald eller tilsett rektor og sturktursaka. I begge sakene blei det 6-5, elles er det ikkje eit splitta styre i Volda, seier han til avisa.