– Kystruten får plass til bilar

Havila Kystruten tilbakeviser at dei nye kystruteskipa ikkje får plass til personbilar. Sist veke kom spørsmålet opp i Stortinget sin spørjetime.

«Havila Capella». Teikning: Havila Kystruten 

Nyheter

Havila Kystruten har plass til å ta med bilar, presiserer Havila i ei pressemelding. 

Kystrutene er 123 meter lange og 22 meter breie, og får plass til å ta med ni bilar og 190 pallar på kystruta mellom Bergen og Kirkenes. 40 av pallane kan også fraktast med kjøling eller frysing.

Ni bilar er ein del mindre enn kapasiteten til Hurtigruten i dag. Men fleire av Hurtigruten sine skip skal byggast om til LNG-drift med batteripakke, og det er uklart kva kapasitet Hurtigruten sine skip vil ha når deira ombyggingsprogram er ferdig.

– Med Havila Kystruten har ein fått tenke miljø frå starten av. Då får vi plass både til batteripakkar og frakt av bilar, gods og passasjerar, skriv administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll.

I tillegg til mannskap på 76 personar får Havila sine kystruter 468 sengeplassar for passasjerar og i tillegg til plass til 172 dagreisande. Ifølgje selskapet blir dette dei mest miljøvenlege skipa som seglar langs kysten.