Tiltalt for mishandling av sonen sin

Nyheter

Statsadvokaten i Møre og Romsdal har tatt ut tiltale mot ein mann, som er i slutten av 30-åra.

Det var i tidsperioden august 2016 til september 2017 at mannen fleire gonger skal ha opptredd valdeleg og krenkjande overfor sin son, som på den tida var i 9-10-års alderen.

Mannen skal ha slått sonen fleire gongar på forskjellige stader på kroppen, både med flat hand og gjenstandar. Han skal også ha sagt til sonen at sistnemnde var verdilaus og avskyeleg, ifølgje tiltalen.

Hendingane skal ha gått føre seg på ei adresse på Søre Sunnmøre.

Saka blir behandla i Søre Sunnmøre tingrett.