– Uforståeleg psykiatri-kutt på Sunnmøre

Fleire enn før blir akuttinnlagt på Ålesund sjukehus på grunn av psykiske lidingar. Då blir det feil å kutte i psykiatrien, meiner tillitsvalt.

Vegsund DPS: HMR-direktør Espen Remme foreslår å stenge Sjøholt DPS frå 1. september og opprette fem nye døgnplassar ved Vegsund DPS (bildet).  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– I fjor var det 40 prosent auke i akuttinnleggingar i sjukehuspsykiatrien i Ålesund, seier Elisabeth Kirkholm. Ho er avdelingstillitsvalt for Fagforbundet i distriktspsykiatrien.