Tilsette ved Mork rehabiliteringssenter:

– Vi kjenner oss lurte

– Vi sit med ei sterk kjensle av å vere lurte og førte bak lyset, seier Marte Husøy, plasstillitsvald ved Mork Rehabiliteringssenter.

Provosert: Tilsette ved Mork Rehabiliteringssenter er kraftig provosert over tilrådinga om å legge ned, når faglege argument tilsa at dette ikkje var tilrådeleg. Dei set no sin lit til at styret tek ei anna avgjerd enn tilrådinga.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Måndag la adm. dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal fram tilråding om at Mork rehabiliteringssenter skal leggast ned seinast frå hausten 2020. Dette skjer berre få veker etter at gruppa som jobba med tilboda for rehabilitering i Møre og Romsdal kom fram til at det ikkje var mogleg.