Dronninga held utstilling på Alnes fyr

Dronning Sonja kjem til Alnes fyr til sommaren.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Til sommaren kjem dronning Sonja til Alnes fyr, der ho skal halde ei utstilling. Det melder dagleg leiar Ann Helen Støbakk for Alnes fyr i ei pressemelding tysdag.

Når det blir, kva for ei utstilling det blir og andre detaljar kan ikkje Støbakk svare på no, anna enn at utstillinga opnast rundt sankthans-tider.

– Nei, vi veit ikkje så mykje enda. Vi kjem tilbake med fleire detaljar når vi veit meir, fortel ho til Sunnmørsposten. Men at det er stort at Dronninga kjem, det legg ho ikkje skjul på.

– Vi har jobba med dette lenge. Det er kjekt at det endeleg klaffa og det er stort å få Dronninga på besøk, seier ho. Støbakk trur utstillinga vil trekke mange besøkjande.

– Eg trur nok utstillinga vil trekke ein del folk ja, meiner ho.