Køyrde av vegen, i grøfta, over ein gangveg og ein midtrabatt og skada eit skilt og ein kantstein

Bilførar til legevakt etter utforkøyring i Volda. Sertifikatet er beslaglagt etter hendinga.
Nyheter

Politiet melder om ei utforkøyring i Elvadalen i Volda tysdag føremiddag.

- Førar er frakta til legevakta. Uklart skadeomfang. Politiet er på staden, heiter det i ei Twitter-melding like før klokka 10.

Ved 11-tida opplyser politiet at bilen har køyrd av vegen og følgt grøfta. Deretter over ein gangveg og midtrabatt og skada eit skilt og kantstein. Som følgje av hendinga har føraren fått sertifikatet beslaglagt.

Ifølgje politiet er føraren ein mann. Det er ikkje mistanke om køyring i rus.