Nakkedalen opna etter at vogntog køyrde ut

Bilbergaren måtte hjelpe utanlandsk sjåfør med å få på kjettingar, fortel augnevitne.

  Foto: Smp-tipsar

Nyheter

Tysdag ettermiddag sklei ein semitrailer av vegen mellom Fiksdal og Vatne. I 15-tida vart vegen opna for fri ferdsel.

Eit augnevitne fortel til Sunnmørsposten at traileren ikkje hadde på kjettingar. I ein bakke sklei bakparten av den tunge bilen utfor vegen på det glatte føret.

Det danna seg kø på begge sider. Vegtrafikksentralen melde klokka 13.14 at fylkesveg 147 Vatne - Fiksdal var stengt. Det gjekk altså nærare to timar før vegen var opna igjen.

Bilbergaren, Straumen Bil, fortel til Sunnmørsposten at semitraileren er rundt 17 meter. Maksgrensa for køyretøy er 15 meter frå Reset oppe på toppen og ned mot Vatne. Likevel reknar dei med at bilen no er på veg nedover mot Vatne.

Trekkvogna er polskregistrert. Eit augnevitne fortel til Sunnmørsposten at folka frå Straumen Bil måtte hjelpe sjåføren med å få på kjettingar.

- Sjåføren vil setje på kjettingane opp ned. Då kom han eldste frå Straumen Bil og viste korleis han skulle ha kjettingane på, fortel augnevitnet.