Håpar på stort engasjement for Mork

– Folkeleg engasjement har alltid verka, meiner aksjonsgruppa for Mork rehabiliteringssenter. No håpar dei mange vil vise si støtte i fakkeltoget søndag.

Mobiliserer: Aksjonsgruppa mobiliserer til støtte for Mork rehabiliteringssenter og arrangerer fakkeltog frå Furene til Mork-senteret søndag kveld. Frå venstre Per Gunnar Sætre, Per Ivar Lied, Reidun Tvergrov Øye, alle frå Ørsta, Ingrid Opedal frå Volda og Marit Aklestad frå Sæbø.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Aksjonsgruppa veit dei har fleire tusen støttespelarar på Facebook, men no mobiliserer dei for ytterlegare støtte gjennom fakkeltog komande søndag.