Nordfjording tiltalt for vinningskriminalitet

Ein 37-åring frå Nordfjordeid er tiltalt i Sogn og Fjordane tingrett for å ha seld varer utan å levere dei.
Nyheter

I perioden 2. til 27. mars 2018 skal mannen åtte gonger ha seld elektronikk, mellom anna dyre telefonar på nett - motteke betaling via Vipps, men ikkje levert varene som vart seld. Mellom anna skal han ha motteke betaling for ein spelkonsoll med spel tre gonger i løpet av same dag.