Feil i fleire månader i E39-tunnel

I Hjartåbergtunnelen på E39 i Volda har det i fleire månader stått markørar som fortel at noko er gale rett ved vegbana. No lovar vegvesenet at feilen snart blir utbetra.

Trafikkfare: Om ein bil køyrer borti her, vil det lett bli punktering og alvorlege konsekvensar, meiner ein tipsar. Det er ikkje trafikkmåling i tunnelen, men Rotsethorntunnelen like ved hadde i fjor 2472 bilar i døgnet.  Foto: Smp-tipsar

Nyheter

I fjor haust kom det opp refleksmarkørar fire stader i Hjartåbergtunnelen i Volda. Når du susar forbi, ser du neppe kva som er gale, men Sunnmørsposten har no fått tilsendt bilde som viser feil på fleire kumrister i tunnelen.