Vil ikkje vente lenger med å redde jorda

Det vart halde mange klimaappellar i Volda. Dei yngste fekk det siste ordet.

  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Redd jorda!

Det ropte sjetteklassingane Ine Denton Nossen, Elise Engjaberg Vartdal og Julia Mesfen Maryo frå scenen, i sin korte og tydelege appell.

Klimaopprøret starta med svenske Greta Thunberg (16) og har spredd seg til store deler av verda.

– Eg deltar her for å hjelpe jorda, og få dei vaksne til å skjønne at dei må skjerpe seg, seier Vartdal.

Dei tre streikarane frå Øyra skule, er samde i at alle burde hjelpe til med å endre samfunnet.

– Vi kan ikkje vente i 50 år.

Uppheimsparken i Volda var full av skuleelevar. 

NRK Satiriks lurte streikende skoleelever

Komiker Thomas Teige i NRK Satiriks utga seg for å være fra regjeringen og lovet de streikende skoleelevene foran Stortinget at de vil få godkjent fraværet.



Elleve til tolv års frist

Natur og Ungdom arrangerte streiken, men mange andre organisasjonar stilte med appellantar.

Fredrik Bakke i Volda Røde Kors ungdom sette syklonen som har herja i Mosambik, i samanheng med klimaendringane.


Han tok samtidig eit oppgjer med kritikarane av streikeaksjonen, deriblant statsministeren.

– Angela Merkel applauderer streikeaksjonane, medan Erna Solberg meiner ein heller bør vere på skulen for å lære å påverke, lære PR. Det vert heilt feil, sa han.

Tare Reklev i Ørsta ungdomsråd viste til åtvaringar frå FN om at vi har elleve-tolv år på å stogge klimaendringane.

– Eg vil ha ein plass å kalle heime, også når eg vert 28 år.

Han peika på at streikarane får støtte frå enkelte politikarar, og kritikk frå andre.

– Eg trur ikkje på nokon av dei før eg ser ei endring!

Forklarar kvifor politikarane får kjeft

Kritikk av politikarane, var eit gjennomgåande retorisk element under demonstrasjonen. Sunnmørsposten spør leiaren i Volda Natur og Ungdom, Ingvild Sunde Stokke, om det ikkje er urettferdig å kjefte på politikarane. Dei er jo valt av folket. Burde ein ikkje i så fall kritisere veljarane i staden?


– Jo, alle har eit ansvar, men det vi reagerer på er brotne løfter, svarar ho.

– Vi vert oppmode til å snakke med politikarane i staden, men det har vorte gjort i årevis.

Åtteklassingen Frida Margrethe Runde var ein elevane som møtte opp.

Frida Margrethe Runde 

– Kvifor streikar du?

– Fordi eg ikkje vil at framtida mi skal verte øydelagt.

Ismat Lalihbel (18) går vaksenopplæring. Han har merka seg at heimlandet Afghanistan har vorte varmare.

Ismat Lalihbel 

– Kvifor streikar du?

– Eg vil ha ei endring. Vi ser klimaendringane over heile verda, som for eksempel flaumane i USA.