Ferjerute og hurtigbåt innstilt - vegar stengde

Uver og tekniske problem skaper problem i trafikken laurdag. Her får du oppdatert oversikt.
Nyheter

Klokka 11.16 kjem det melding om at sambandet Ørsnes-Magerholm er innstilt inntil vidare på grunn av veret. Klokka 15.10 blei det meldt om normal trafikk i sambandet.

Klokka 16.14 melde Vegtrafikksentralen på nytt at sambandet var innstilt på grunn av vinden. Det blir meldt om ordinær trafikk igjen frå klokka 17.10.

Rute 14 Stranda-Liabygda er innstilt på grunn av teknisk feil, melder operatøren. I ei trafikkmelding like før klokka 09 vert det opplyst at ferja framleis har tekniske problem, og at ruta er innstilt inntil vidare. Reserveferje vart sett i drift frå klokka 11.16.

Ferjesambandet Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona var laurdag innstilt. Torghatten melder at det blir normal trafikk i sambandet frå klokka 17.30. Avgangen frå Ona er første tur.

Også rute 24, Ålesund-Nordøyane, er innstilt laurdag. Operatøren melder om at denne er innstilt på grunn av veret.

Like før klokka 11 vert også rute 23, hurtigbåten mellom Langevåg og Ålesund, innstilt på grunn av veret.

Stengte vegar

Like før klokka 09 melder Vegtrafikksentralen for Midt-Norge at fylkesveg 655 Norangsdalen er stengt grunna vêret.

Riksveg 15 over Strynefjellet vart stend laurdag morgon grunna uveret. Vegen vert ikkje opna att i dag, melder Statens vegvesen.

Straumbrot

Laurdag formiddag kjem det også meldingar om folk som har mista strømmen.

Fjørtofta: Mørenett melder på sine heimesider at det er funne fleire feil på Fjørtofta, og at montørar og meir utstyr er på veg. Rettetida er usikker, men ein trur at dei fleste kan få tilbake straumen før klokka 15. Ifølgje ein meldar inn til Mørenett, så kan heile Fjørtofta vere straumlaus.

Klokka 14.44 fekk alle på Fjørtofta, sett vekk frå Kongsnes, straumen tilbake. På Kongsnes ein kanskje bytte trafo, skriv Mørenett.

Haramsøy og Flemsøy: Det er også meldingar om at fleire kundar er straumlause på Haramsøy og Flemsøy. Rettetida her er ukjend, då feilen ikkje er lokalisert klokka 11.15. Det vil ta fleire timar før straumen er tilbake, melder Mørenett.

Klokka 14.02 er feil lokalisert til Haugen og alle andre abonnentar skal ha fått tilbake straumen.

På Haugen må trafo bytast, så det tek litt tid, skriv Mørenett.

Volda, Mork: Klokka 14.33 melder Mørenett om feil på nettstasjon på Mork i Volda. Rettetid er førebels ukjent, men forhåpentlegvis i løpet av kvelden, skriv Mørenett i sin logg.

Det skal settes inn aggregat for at folk skal få straumen tilbake, dette er venta på plass i 20-tida laurdag kveld.

Ørsta, Hovdenakk:

Klokka 14.33 blei det meldt om feil på nettstasjon på Hovdenakk i Ørsta. Rettetid foreløpig ukjent, men forhåpentlegvis i løpet av kvelden, melder Mørenett.

Seint laurdag kveld skriv Mørenett på sine nettsider at dei ikkje har feil i kraftnettet.