– Ser ikkje spor av evaluering av finansieringsmodellen

– Helse Midt-Norge har ikkje følgd opp sitt eige vedtak frå 2011 då finansieringsmodellen vart vedtatt.

Stort meirforbruk: Ålesund sjukehus og resten av Helse Møre og Romsdal bruker mykje meir pengar enn budsjettert. Tidlegare styremedlem i Helse Midt-Norge, Asmund Kristoffersen, var med på å innføre dagens finansieringsmodell. No ser han kor gale det har gått.  Foto: Staale Wattø

I beste fall er dette eit «knep» for å tilsløre at Møre og Romsdal har blitt fråteke store pengebeløp

Asmund Kristoffersen
Nyheter

Det meiner Asmund Kristoffersen. Han var styremedlem i Helse Midt-Norge og stemte ja til den nye finansieringsmodellen på visse vilkår. For Helse Møre og Romsdal førte den nye finansierings- modellen til eit tap på 133 millionar kroner, av eit budsjett på rundt 5,5 milliardar kroner.