Etterforskingsleiar etter dødsbrann i Herøy:

– Vi skulle gjort ein betre jobb

Økonomi var ein hovudgrunn til at politiet ikkje gjorde meir for å finne svar i etterforsking av brannen i Herøy der fire ungdommar omkom. Det hevdar etterforskingsleiar Robert Hjelmeset i ein VG-dokumentar.

Fire ungdommar omkom i brannen ved Flusund i Herøy 14. desember i 2008.  Foto: Arkiv

Nyheter

Søndag 14. desember 2008 omkom fire ungdommar i ein brann på Flusund i Herøy. Brannårsaka er framleis ukjend.

– Det er heilt tydeleg at vi skulle ha snudd alle steinar som var mogleg å snu i ei sak som dette. Det gjorde vi ikkje, og vi kjem aldri til å få svar på kva som faktisk skjedde, seier politiet sin etterforskingsleiar Robert Hjelmeset til VG.


Politiet gjorde ikke noe straffbart i etterforskningen av Herøybrannen

Det konkluderer Spesialenheten for politisaker etter en vurdering på ni linjer. – Vi har ingen respekt for denne avgjørelsen, sier talsmann for de pårørende.

 

VG har laga ein dokumentar om brannen, der også politiet si etterforsking er tema.

Her kan du lese VG sin dokumentar

Avisa har blant anna intervju med noverande påtalesjef Elin Drønnen og etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth i Møre og Romsdal politidistrikt. Hjelmeseth var også den som leia etterforskinga dei første månadene etter dødsbrannen i Herøy.

Takka nei til Kripos

Fire dager etter brannen sende han ein e-post og bad om større etterforsking i saka. Han skildra også at han hadde ein «uggen følelse».

Dagen etter tilbaud Kripos taktisk bistand. Dei ville sende ein etterforskningsleiar, mot at det lokale politiet stilte med fire til fem politibetjentar som kunne jobbe i helga.

Politiet på Sunnmøre takka nei. Drønen, som den gong ikkje jobba i politiet, har forstått det slik at det handla om ressursar.

Hjelmeseth seier politiet måtte hatt folk på overtid. Han forheld seg til avgjerder som blei tekne lenger oppe i systemet, men at han hadde sett at det blei teke ei anna avgjerd.

Usamde politifolk

I avisartikkelen kjem det fram at Hjelmeseth og dåverande driftseiningsleiar Odd Kulø, som hadde ansvar for økonomien den tida brannen blei etterforska, er usamde i spørsmålet om økonomi og ressursbruk.

Kulø seier til avisa at han aldri sette nokon avgrensingar på ressursbruken i saka.

Hjelmeseth meiner dette ikkje samsvarer med dei rammene Kulø gav om ressursbruk den gong.

Kulø reagerer så på Hjelmeseth sine uttaler, og han seier dei fekk tilbod om at Kripos kunne sende ein etterforskingsleiar. Ifølgje Kulø svarte Hjelmeseth då at dei allereie hadde ei leiing og at det dermed ikkje var nødvendig.

Kulø meiner ifølgje VG altså at grunnen til at Kripos ikkje hjelpte til taktisk, var at Hjelmeseth sa at det ikkje var nødvendig.

Dette avviser Hjelmeseth og meiner det fell på si eiga urimelegheit. Han viser til e-posten der han bad om større etterforsking av saka. Kripos tilbaud då taktisk hjelp, men politiet på Sunnmøre takka nei.

Ønskjer ikkje kommentere

Sunnmørsposten har vore i kontakt med Odd Kulø, men han ønskjer ikkje å seie meir om saka utover det som står i VG-saka:

– Det som står der, det står der. Nokon kommentar ut over det, blir det ikkje frå mi side, seier han.

Robert Hjelmeseth hadde ikkje tid til å kommentere saka overfor Sunnmørsposten måndag.

Herøy-brannen:

Ba om massiv etterforsking - vart ikkje høyrt

No har dei etterlatne meldt politiet til Spesialeininga for politisaker.




Gir opp håpet om oppklaring av Herøy-brannen

Pårørende etter dødsbrannen tror aldri de får vite hvorfor det startet å brenne, eller hvem som ble sett utenfor huset før det begynte å brenne.

 

Krev dødsbrann granska på nytt

– Ein mann gjekk ut og inn av huset før brannen. Ein bag med dei omkomne sine eigedelar vart funnen i ein bil. Dødsbrannen i Herøy er ikkje oppklart.

 

Brann i bolighus på Flusund:

Dødsbrann henlegges

Politiet henlegger saken der fire unge mennesker omkom i brann i desember i fjor.



Pårørande engasjerer privatetterforskar

Dei pårørande til dei omkomne i Flusund-brannen har engasjert privatetterforskar.



Kan få svar på brannen nesten 5 år etter

Nytt dokument og fingeravtrykk kan gi svar på hvordan brannen startet på Herøy i 2008