Ein person omkomen etter frontkollisjon

Dødsulykke på fylkesveg 61 i Mauseidvåg i Sula kommune tysdag morgon.

  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Oppdatering: - Vegen er opna etter trafikkulykka, heiter det frå vegtrafikksentralen klokka 11.09.

Ein person er omkomen etter ei trafikkulykke i Sula kommune tysdag morgon. Det stadfester politiet klokka 08.34. Varsling av pårørande pågår.

Den andre som var involvert i ulykka, ein mann i 50-åra, har ifølgje Helse Møre og Romsdal moderate skadar, med status stabil.

Klokka 10.15 melder Sunnmørsposten sin journalist på staden at bilane er fjerna, men at det framleis pågår rydding av vegen. Ifølgje Veidekke rekna ein då med å kunne opne vegen i løpet av ein times tid.

Frontkollisjon

Det var to bilar involvert i kollisjonen, på fylkesveg 61 Sulavegen, like etter Furnestunnelen. I dei første meldingane heitte det at dei to hadde frontkollidert, at det var ein person i kvar bil, og at føraren av den eine bilen hadde kome seg ut.

Om den andre personen opplyste politiet vidare at vedkommande var fastklemd og truleg kritisk skadd.

Gjer undersøkingar etter ulykka

- Det foregår tekniske og taktiske undersøkingar. Dette vil ta litt tid, sa innsatsleiar Joachim Olsvik til Sunnmørsposten litt før klokka 08.

- Både ulykkesgruppa og krimteknikarar er kalla inn og vil gjere undersøkingar utover dagen, la han til.

Som følgje av dette vil fylkesvegen truleg bli stengt i lengre tid.

Det er lokal omkøyring for personbilar, melder Vegtrafikksentralen. I ei oppdatert melding skriv dei at anbefalt omkøyring er via E39 eller fylkesveg 653.

Ulukka blei først meldt på Twitter klokka 06.55. Politiet varsla då at det skulle vere snakk om større personskader og at naudetatane var på veg til staden.