Får 22 millionar til nye studentbustader

Studentsamskipnaden i Volda får over 22 millionar kroner i tilskot til bygging av 74 nye studentbustader.

Arild Iversen (KrF), Stig Olav Lødemel (H), Hallvard Bjørneset (V) og Roald Espset (Frp) er glad for at regjeringa si satsing på studentbustader kjem Volda til gode. I bakgrunnen blokka som regjeringa har gitt pengar til før.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Lokale representantar for dei fire regjeringspartia kunngjorde nyheita i Volda onsdag morgon.

– Vi ser at studentane har behov for gode og rimelege bustader, og vi er takksame for at regjeringa satsar og ser behovet. Dette vil styrke Volda som studiestad, seier Stig Olav Lødemel, ordførarkandidat for Høgre.

Satsar på Høgskulen i Volda

KrF sin ordførarkandidat, Arild Iversen, følgjer på:

–Det er studentane som nyt godt av satsinga først og fremst, men dette betyr vidare at regjeringa satsar på Høgskulen i Volda og utviklinga av høgskulen. Det er eit godt signal for utviklinga av studietilbod og ivaretaking av studentane i Volda.

Prisen for den andre blokka som no kan byggjast i Volda, er på nærare 65 millionar kroner. Tilskotet på 22 millionar kroner frå regjeringa, gjer at blokka kan byggajst.


Volda

Får pengar til studentbustader

Skal bygge 120 nye bustader.

 

Hallvard Bjørneset, ordførarkandidat for Venstre, viser til at det er ein del av regjeringserklæringa at det skal satsast på nye studentbustader.

– Det er ei større satsing enn det har vore tidlegare. Dette er viktig for Volda og høgskulen, seier han.

Plass også for private

Dei fire ordførarkandidatane er ikkje redd for at det skal gå ut over den private bustadmarknaden i bygda:

– I hundre år har det vore privat utleige av hyblar her. Det kan hende nokon reagerer på at det blir satsa så stort, men det er rom for begge typar utleige, med veksande studenttal, meiner Iversen.

Studentsamskipnaden i Volda er i gang med å bygge ei ny studentblokk med 120 bustader. No kan dei snart gå i gang med byggetrinn to, til ein kostnad på 65 millionar kroner.

Regjeringa vil i denne omgang gi tilskot til 1448 nye studentbustader, og Volda får 74 av dei. Andre som får er Tromsø, Molde, Førde, Gjøvik, Ås og Oslo.


Volda

Får pengar til studentbustader

Skal bygge 120 nye bustader.