Jobbar for første spadetak på Hafast i 2023:

Fnys av at ferjefri E39 er vinnar av årets sløseripris

Byggestart for Hareid fastlandsamband i 2023 er forkjemparane sitt klare mål. At ferjefri E39 er sløseri, blir tvert avvist.

Ministerbesøk: Samferdselsminister Jon Georg Dale (t.v.) blei orientert om ferjefriprosjektet Hareid fastlandssamband, Hafast, som er valt som trasé for E39 for utvikling av ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Vidare frå venstre Sande-ordførar Dag Vaagen, Hafast-styremedlem Stig Remøy og Hafast-styreleiar Gunvor Ulstein.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Eg har lova å steike svele på opninga, og då kan eg ikkje vere 85 år

Gunvor Ulstein
Nyheter

Ferjefri E39 blei nyleg kåra til soleklar vinnar av Nettavisen sin «Sløseripris». Og i ein leiar i Dagens Næringsliv blei prosjektet omtalt både som «pengesluk» og «gigantoman idé» og avisa tek til orde for elektrifisering av ferjer. Pengane må styrast dit dei gjer mest nytte for seg, meiner avisa.