Vikebladet Vestposten auka opplaget med 12,5 prosent frå 2017 til 2018

Fleire vil betale for journalistikk

Vikebladet Vestposten, med Hareid og Ulstein som dekningsområde, er opplagsvinnaren på Nordvestlandet.

Lagarbeid: Redaktør Linda Eikrem (bak frå venstre), journalistane Jorulf Myrene, Andreas Steinnes Bjerknes og Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, marknadskonsulentane Kristin Linge (framme) og Rose Mari Dragsund Bjørnerem og journalist Ingvild Aursøy Måseide har grunn til å feire.  Foto: Emily L. Millan Eide

Vi har vore obs på å løfte fram dei som er i alderen mellom 20 og 45 år

Linda Eikrem
Nyheter

– Fleire og fleire er villige til å betale for å få med seg det som skjer i nærmiljøet, og nye aldersgrupper kjem til. Motstanden for å betale for journalistikk har blitt mindre, seier Linda Eikrem, ansvarleg redaktør i Vikebladet Vestposten om årsaka til den formidable auka dei har hatt sidan 2017.

Vikebladet Vestposten hadde i 2018 eit opplag på 4.117. 457 fleire enn året før. Med opplag meiner ein eit berekna snitt av selde aviser på papir og nett.

– Forhåpentlegvis er det fordi vi leverer stoff som lesarane våre ønsker. Det vi skriv om vedgår dei som bur i Ulstein og Hareid, alt frå kvardagslivet, større hendingar og oppvekstkåra i kommunane., seier Eikrem.

– Kva har de gjort for å lukkast så godt?

– Vi har ikkje satsa på noko spesielt, men vi har vore obs på løfte fram dei som er i alderen mellom 20 og 45 år, dei som er i ferd med å etablere seg. Dei vil vi gjerne ha som abonnentar. Vi har leita etter dei som intervjuobjekt og prøvd å skrive saker som angår dei, seier Eikrem.

– Også har jo streaming av kampane til Hødd har vore eit løft for oss. Veksten vår er primært digitalt abonnentar, legg ho til. Avisa har no 1070 reine digitale abonnentar.

Endrar frekvensen

Abonnentane til Vikebladet Vestposten har vore vande til å få papiravisa i postkassa tre gongar i veka. Frå 21. mai blir det berre på tysdagar og fredagar. Eikrem er usikker på korleis omlegginga vil påverke opplagstala.

– Det er vanskeleg å vite. Til no har det ikkje vore sterke reaksjonar. Vi håpar jo at lesarane våre ser at dei kjem til å få det same innhaldet, minst like mykje som no. Vi har hatt tre tynne aviser i veka no. No skal dei bli meir fyldige, og vi håpar at alle blir med oss vidare – og helst endå fleire, seier Eikrem.

– Korleis skal de overtyde lesarane om det?

– Beinhard jobbing. Vi må levere nyheitene raskare, så fort som mogeleg på nett. Også handlar det om å fortelje dei gode historiene, sjølv om det høyrast ut som ein floskel. Vi treng fleire personlege historier, også må vi bidra til å sette nyheitene inn i ein samanheng.

Handle lokalt

Også i Vikebladet Vestposten blir det feiring.

– Men vi vil ha med oss annonsørane våre, som er så flinke til å handle lokalt, på det. Men du skal ikkje sjå bort ifrå at det blir kakefeiring hos oss også når alle er på jobb. Heile gjengen i Vikebladet Vest-posten skal ha æra for opplagsveksten, seier Eikrem.